1 Då samla folket seg, alle som ein, på plassen framfor Vassporten. Dei bad Esra, den skriftlærde, henta boka med Moselova, som Herren hadde gjeve Israel.
2 Og presten Esra bar fram lova for forsamlinga, både menn og kvinner, alle som kunne skjøna det dei høyrde. Det var den første dagen i den sjuande månaden.
3 Han las i lovboka på plassen framfor Vassporten frå morgongry til midt på dagen for mennene og kvinnene, alle som kunne skjøna. Heile folket lytta til lovboka.
4 Esra, den skriftlærde, stod på ein tram av tre som dei hadde laga til dette. På høgre sida hans stod Mattitja, Sjema, Anaja, Uria, Hilkia og Maaseja, og på venstre sida Pedaja, Misjael, Malkia, Hasjum, Hasjbaddana, Sakarja og Mesjullam.