12 Då gjekk alt folket for å eta og drikka og senda gåver. Dei laga ein stor fest, for dei hadde skjøna det som vart sagt dei.
13 Den andre dagen samla dei seg hos Esra, den skriftlærde, for å granska lovorda – leiarane for familiane i heile folket, prestane og levittane.
14 I lova som Herren hadde pålagt Moses, fann dei skrive at israelittane skulle bu i lauvhytter på festen i den sjuande månaden,
15 og at dei skulle gjera kjent og ropa ut i alle byane sine og i Jerusalem: «Gå opp i fjellet og hent lauv av edle og ville oliventre, av myrt og palme og andre lauvtre for å laga hytter, som skrive står!»
16 Då gjekk folket ut og henta lauv, og dei laga hytter, kvar på sitt tak og tun, og i føregardane til Guds hus, på plassen ved Vassporten og på plassen ved Efraim-porten.
17 Heile forsamlinga, dei som hadde vendt attende frå fangenskapet, laga lauvhytter og budde i dei. Før denne dagen hadde israelittane ikkje gjort dette sidan Josva, son til Nun, levde. Gleda var stor.
18 Esra las frå Guds lovbok dag etter dag, frå den første til den siste dagen. Dei heldt fest i sju dagar, og på den åttande dagen heldt dei ei høgtidssamling, slik det var fastsett.