3 Han las i lovboka på plassen framfor Vassporten frå morgongry til midt på dagen for mennene og kvinnene, alle som kunne skjøna. Heile folket lytta til lovboka.
4 Esra, den skriftlærde, stod på ein tram av tre som dei hadde laga til dette. På høgre sida hans stod Mattitja, Sjema, Anaja, Uria, Hilkia og Maaseja, og på venstre sida Pedaja, Misjael, Malkia, Hasjum, Hasjbaddana, Sakarja og Mesjullam.
5 Esra opna boka framfor auga til alt folket, for han stod høgare enn dei andre. Då han opna henne, reiste alt folket seg.
6 Esra velsigna Herren, den store Gud, og alt folket lyfte hendene medan dei sa: «Amen, amen.» Så bøygde dei seg ned og tilbad Herren med andletet mot jorda.
7 Levittane Josva, Bani, Sjerebja, Jamin, Akkub, Sjabbetai, Hodia, Maaseja, Kelita, Asarja, Josabad, Hanan og Pelaja forklara lova for folket, som vart ståande.
8 Dei las opp frå Guds lovbok medan dei tolka og forklara det som vart lese, slik at folket skulle skjøna.
9 Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlærde, og levittane som underviste folket, sa då til folkemengda: «Denne dagen er heilag for Herren dykkar Gud. De skal ikkje sørgja og ikkje gråta!» For heile folket gret då dei høyrde det som stod i lova.