7 Levittane Josva, Bani, Sjerebja, Jamin, Akkub, Sjabbetai, Hodia, Maaseja, Kelita, Asarja, Josabad, Hanan og Pelaja forklara lova for folket, som vart ståande.
8 Dei las opp frå Guds lovbok medan dei tolka og forklara det som vart lese, slik at folket skulle skjøna.
9 Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlærde, og levittane som underviste folket, sa då til folkemengda: «Denne dagen er heilag for Herren dykkar Gud. De skal ikkje sørgja og ikkje gråta!» For heile folket gret då dei høyrde det som stod i lova.
10 Han sa så til dei: «Gå og et feite retter og drikk søt vin, og send mat som gåver til dei som ikkje har noko! For denne dagen er heilag for vår Herre. Ver ikkje fylte av sorg! For gleda i Herren er dykkar styrke.»
11 Levittane roa folkemengda og sa: «Ver stille, for dette er ein heilag dag. Ver ikkje fylte av sorg!»
12 Då gjekk alt folket for å eta og drikka og senda gåver. Dei laga ein stor fest, for dei hadde skjøna det som vart sagt dei.
13 Den andre dagen samla dei seg hos Esra, den skriftlærde, for å granska lovorda – leiarane for familiane i heile folket, prestane og levittane.