1 Den tjuefjerde dagen i same månaden samla israelittane seg til faste, kledde i sekkestrie og med mold strødd over seg.
2 Dei som var av Israels ætt, skilde seg frå alle dei framande. Dei stod fram og sanna syndene sine og fedrane si skuld.
3 Ein fjerdepart av dagen stod dei, kvar på sin plass, medan det vart lese opp frå lovboka til Herren deira Gud. Ein annan fjerdepart av dagen skrifta dei og tilbad Herren sin Gud.
4 Og Josva, Bani, Kadmiel, Sjebanja, Bunni, Sjerebja, Bani og Kenani steig opp på levittane sitt podium og ropa med høg røyst til Herren sin Gud.
5 Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petahja:Stå opp, velsign Herren dykkar Gud,han som er frå æve til æve.Velsigna vere ditt herlege namn,som er høgare enn all lov og pris.