11 Du kløyvde sjøen framfor dei,og dei drog gjennom havetpå tørr grunn.Men dei som forfølgde dei,kasta du i djupetsom steini det veldige vatnet.
12 I ei skysøyle førte du dei om dagenog i ei eldsøyle om natta;ho lyste opp vegen dei skulle gå.
13 Du steig ned på Sinai-fjelletog tala til dei frå himmelen.Du gav dei rette ordningar,sanne lover,gode forskrifter og bod.
14 Din heilage sabbat kunngjorde du,bod, forskrifter og lov gav du deigjennom Moses, tenaren din.
15 Brød frå himmelen gav du deimot hungeren,og vatn lét du strøyma frå bergetmot tørsten.Du baud dei dra innog ta landet i eige,det som du med lyft handhadde lova dei.
16 Men dei var hovmodige og stivnakka,fedrane våre,dei høyrde ikkje på dine bod.
17 Dei nekta å høyraog hugsa ikkje dine undersom du hadde gjort for dei.Dei var stivnakkaog tok seg ein leiarfor å venda attende til slaveriet i Egypt.Men du er ein Gud som tilgjev,du er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn,og du forlét dei ikkje.