13 Du steig ned på Sinai-fjelletog tala til dei frå himmelen.Du gav dei rette ordningar,sanne lover,gode forskrifter og bod.
14 Din heilage sabbat kunngjorde du,bod, forskrifter og lov gav du deigjennom Moses, tenaren din.
15 Brød frå himmelen gav du deimot hungeren,og vatn lét du strøyma frå bergetmot tørsten.Du baud dei dra innog ta landet i eige,det som du med lyft handhadde lova dei.
16 Men dei var hovmodige og stivnakka,fedrane våre,dei høyrde ikkje på dine bod.
17 Dei nekta å høyraog hugsa ikkje dine undersom du hadde gjort for dei.Dei var stivnakkaog tok seg ein leiarfor å venda attende til slaveriet i Egypt.Men du er ein Gud som tilgjev,du er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn,og du forlét dei ikkje.
18 Dei støypte seg jamvel ein kalvog sa: «Dette er din gudsom førte deg opp frå Egypt.»Og dei spotta grovt.
19 Men i di store miskunnforlét du dei ikkje i ørkenen.Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,men førte dei på vegen;og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,men lyste opp vegen dei skulle gå.