28 Men så snart dei hadde fått ro,gjorde dei igjendet som vondt var i dine auge.Du gav dei over i hendene på fiendarsom herska over dei.Dei ropa igjen til deg,og du høyrde det frå himmelenog berga dei gong på gongi di store miskunn.
29 Du åtvara dei,for du ville føra dei tilbake til di lov.Men dei var hovmodigeog høyrde ikkje på boda dine.Dei synda mot lovene dine,dei som gjev mennesket livnår det følgjer dei.Dei vende ryggen til i trass;dei var stivnakka og ville ikkje høyra.
30 Du heldt ut med dei i mange årog åtvara dei ved din Andegjennom profetane dine.Men dei ville ikkje lytta,så du gav dei i hendenepå folka omkring.
31 Men i di store miskunngjorde du ikkje ende på dei,og du forlét dei ikkje.For du er ein mild og nådig Gud.
32 Og no, vår Gud,du store, mektige og skremmande Gud,du som held pakta og gjer godt,sjå det ikkje som noko lite,desse harde tidene som har ramma oss,våre kongar og leiarar,våre prestar og profetar,våre fedrar og heile folket,frå assyrarkongane sine dagarog til denne dag.
33 Du var rettferdigi alt som kom over oss.For du har vist deg trufast,men vi har gjort urett.
34 Kongane og leiarane våre,prestane og fedranehandla ikkje etter di lov.Dei akta ikkje på dine bodog dei åtvaringane du gav dei.