3 Ein fjerdepart av dagen stod dei, kvar på sin plass, medan det vart lese opp frå lovboka til Herren deira Gud. Ein annan fjerdepart av dagen skrifta dei og tilbad Herren sin Gud.
4 Og Josva, Bani, Kadmiel, Sjebanja, Bunni, Sjerebja, Bani og Kenani steig opp på levittane sitt podium og ropa med høg røyst til Herren sin Gud.
5 Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petahja:Stå opp, velsign Herren dykkar Gud,han som er frå æve til æve.Velsigna vere ditt herlege namn,som er høgare enn all lov og pris.
6 Du er Herren, du åleine.Du har skapt himmelen,himmel-himlane med heile hærskaren,jorda og alt som er på henne,havet og alt som er i det.Du gjev alle liv,himmelhæren tilbed deg.
7 Du er Herren Gudsom valde ut Abram,som førte han frå Ur i Kaldeaog gav han namnet Abraham.
8 Du fann at hans hjarte var trufast mot deg,og du gjorde ei pakt med han.Landet til kanaanearane,hetittane, amorittane, perisittane,jebusittane og girgasjittanelova du å gje etterkomarane hans.Og du heldt din lovnad,for du er rettferdig.
9 Du såg korleis fedrane vart plaga i Egypt,du høyrde deira skrik ved Sivsjøen.