33 Du var rettferdigi alt som kom over oss.For du har vist deg trufast,men vi har gjort urett.
34 Kongane og leiarane våre,prestane og fedranehandla ikkje etter di lov.Dei akta ikkje på dine bodog dei åtvaringane du gav dei.
35 Sjølv om du gav deieit eige rikeog alle dine gode gåver,sjølv om du gav deidet vide, fruktbare landet,så tente dei deg ikkjeog vende seg ikkje bortfrå vonde gjerningar.
36 Sjå, i dag er vi slavar,vi er slavar i landet du gav fedrane våreså dei skulle eta frukteneog alt det gode der.
37 Den rike avlingagår no til konganesom du har sett over osspå grunn av syndene våre.Dei herskar som dei vilover kroppane våre og buskapen vår.Vi er i stor naud.
38 På grunn av alt dette gjer vi ein avtale og skriv han ned. Det forsegla skrivet er underskrive av leiarane, levittane og prestane våre.