Sakarja 1 N11NN

Vend om

1 I den åttande månaden i det andre styringsåret til Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, son til Iddo:

2 Herren var harm på fedrane dykkar.

3 Du skal seia til folket: Så seier Herren over hærskarane: Vend attende til meg, seier Herren over hærskarane, så vil eg venda attende til dykk, seier Herren over hærskarane.

4 Ver ikkje lik fedrane dykkar. Dei tidlegare profetane ropa ut for dei: «Så seier Herren over hærskarane: Vend no om frå dei vonde vegane og dei vonde gjerningane dykkar!» Men dei høyrde ikkje og lytta ikkje til meg, seier Herren.

5 Fedrane dykkar, kvar er dei? Og profetane, lever dei evig?

6 Dei boda og forskriftene som eg påla tenarane mine, profetane, har ikkje dei nådd fedrane dykkar? Så vende dei om og sa: «Herren over hærskarane har gjort det han hadde sett seg føre å gjera med oss, slik vår ferd og våre gjerningar har fortent.»

Første syn: ryttarane

7 På den tjuefjerde dagen i den ellevte månaden, det er månaden sjebat, i det andre året til Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, son til Iddo:

8 I natt såg eg, og sjå! – ein mann sat på ein raud hest som stod mellom myrtebuskane i kløfta. Bak han var det raude, raudbrune og kvite hestar.

9 Då sa eg: «Kva med desse, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal visa deg kva dette er.»

10 Mannen som stod mellom myrtane, tok til ords og sa: «Dette er dei Herren har sendt så dei skal fara omkring på jorda.»

11 Dei svara Herrens engel som stod mellom myrtane: «Vi har fare omkring på jorda, og sjå, heile jorda ligg i ro.»

12 Herrens engel svara: «Herre over hærskarane, kor lenge vil det vara før du viser miskunn mot Jerusalem og byane i Juda, som du har vore harm på i desse sytti åra?»

13 Og Herren svara engelen som tala med meg, med gode og trøystande ord.

14 Så sa engelen som tala med meg: Rop ut:Så seier Herren over hærskarane:Eg er full av lidenskapfor Jerusalem og Sion,

15 stor er harmen minmot dei sjølvgode folkeslaga.For eg var berre litt harm,men dei hjelpte ulukka fram.

16 Difor seier Herren:Eg vender attende til Jerusalem med miskunn.Der skal huset mitt byggjast,seier Herren over hærskarane,og målesnor strekkjast ut over Jerusalem.

17 Rop ut endå ein gong:Så seier Herren over hærskarane:Endå ein gong skal byane minefløyma over av det som godt er.Endå ein gong skal Herren trøysta Sion,velja ut Jerusalem endå ein gong.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14