5 Fedrane dykkar, kvar er dei? Og profetane, lever dei evig?
6 Dei boda og forskriftene som eg påla tenarane mine, profetane, har ikkje dei nådd fedrane dykkar? Så vende dei om og sa: «Herren over hærskarane har gjort det han hadde sett seg føre å gjera med oss, slik vår ferd og våre gjerningar har fortent.»
7 På den tjuefjerde dagen i den ellevte månaden, det er månaden sjebat, i det andre året til Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, son til Iddo:
8 I natt såg eg, og sjå! – ein mann sat på ein raud hest som stod mellom myrtebuskane i kløfta. Bak han var det raude, raudbrune og kvite hestar.
9 Då sa eg: «Kva med desse, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal visa deg kva dette er.»
10 Mannen som stod mellom myrtane, tok til ords og sa: «Dette er dei Herren har sendt så dei skal fara omkring på jorda.»
11 Dei svara Herrens engel som stod mellom myrtane: «Vi har fare omkring på jorda, og sjå, heile jorda ligg i ro.»