7 Dei skal vera som heltar frå Efraim,hjartet deira skal gleda seg som av vin.Borna skal sjå det og gleda segog hjarta deira jubla i Herren.
8 Eg plystrar på dei og samlar dei,for eg friar dei ut.Dei skal bli mange,slik dei ein gong var.
9 Sår eg dei ut mellom folka,skal dei minnast meg langt borte.Dei skal leva saman med borna sineog koma tilbake.
10 Eg skal føra dei heim att frå Egypt,og frå Assur skal eg samla dei.Eg skal leia dei til Gilead-landet og Libanon,men det finst ikkje nok plass til dei.
11 Han skal kryssa det opprørte havetog slå bølgjene ned.Alle djupa i Nilen skal tørkast ut.Det Assur er stolt av, skal støytast ned,septeret skal vika frå Egypt.
12 Eg vil gjera dei sterke i Herren,og dei skal ferdast i hans namn,seier Herren.