1 Lat opp dørene, Libanon,så eld kan øyda dine sedertre!
2 Klag, du sypress!For sederen er fallen,dei veldige trea øydelagde.Klag, de eiketre i Basan!For den tette skogen er felt.
3 Høyr kor gjetarane klagar,for herlegdomen deira er øydelagd.Høyr kor dei unge løvene brøler,for det Jordan er stolt av, er lagt øyde.
4 Så seier Herren min Gud: «Gjet slaktesauene!»
5 Kjøparane slaktar dei uten å kjenna skuld,seljarane seier: «Velsigna er Herren, eg vart rik!»og deira eigne gjetarar sparer dei ikkje.