3 Høyr kor gjetarane klagar,for herlegdomen deira er øydelagd.Høyr kor dei unge løvene brøler,for det Jordan er stolt av, er lagt øyde.
4 Så seier Herren min Gud: «Gjet slaktesauene!»
5 Kjøparane slaktar dei uten å kjenna skuld,seljarane seier: «Velsigna er Herren, eg vart rik!»og deira eigne gjetarar sparer dei ikkje.
6 «For eg vil ikkje lenger spara dei som bur i landet», seier Herren.«Sjå, eg gjev menneska over i hendene på kvarandreog i hendene på kongen deira.Dei skal knusa landet,og eg vil ikkje berga nokon frå deira hand.»
7 Så gjette eg slaktesauene for sauehandlarane.Eg tok meg to stavar.Den eine kalla eg Godvilje,den andre kalla eg Semje,og eg gjette sauene. –
8 Eg rydda av vegen dei tre gjetarane på ein månad.Eg mista tolmodet med sauene,og dei vart trøytte av meg òg.
9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjeta dykk.Dei som held på å døy, får døy.Dei som går til grunne, får gå til grunne.Dei som er att, får eta kjøtet av kvarandre.»