5 Kjøparane slaktar dei uten å kjenna skuld,seljarane seier: «Velsigna er Herren, eg vart rik!»og deira eigne gjetarar sparer dei ikkje.
6 «For eg vil ikkje lenger spara dei som bur i landet», seier Herren.«Sjå, eg gjev menneska over i hendene på kvarandreog i hendene på kongen deira.Dei skal knusa landet,og eg vil ikkje berga nokon frå deira hand.»
7 Så gjette eg slaktesauene for sauehandlarane.Eg tok meg to stavar.Den eine kalla eg Godvilje,den andre kalla eg Semje,og eg gjette sauene. –
8 Eg rydda av vegen dei tre gjetarane på ein månad.Eg mista tolmodet med sauene,og dei vart trøytte av meg òg.
9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjeta dykk.Dei som held på å døy, får døy.Dei som går til grunne, får gå til grunne.Dei som er att, får eta kjøtet av kvarandre.»
10 Så tok eg staven min Godvilje og knekte han. Eg ville bryta den pakta som eg hadde gjort med alle folka.
11 Og ho vart broten den dagen. Då skjøna sauehandlarane som vakta på meg, at dette var Herrens ord.