1 Ein bodskap, Herrens ord om Israel. Herren, som spente ut himmelen, grunnla jorda og skapte ånda i mennesket, seier:
2 Sjå, eg gjer Jerusalem til eit giftbeger for alle folka rundt omkring. Også Juda blir ramma når Jerusalem blir kringsett.
3 Den dagen gjer eg Jerusalem til ein tung stein å lyfta for alle folk. Alle som prøver å lyfta han, skal riva seg til blods. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot henne.
4 Den dagen, seier Herren, slår eg alle hestane med forvirring og ryttarane med galskap. Men eg vil la auga mine vaka over Judas hus og slå alle hestane til folka med blindskap.
5 Då skal hovdingane i Juda seia i hjartet: «Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, Herren over hærskarane.»