4 Den dagen, seier Herren, slår eg alle hestane med forvirring og ryttarane med galskap. Men eg vil la auga mine vaka over Judas hus og slå alle hestane til folka med blindskap.
5 Då skal hovdingane i Juda seia i hjartet: «Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, Herren over hærskarane.»
6 Den dagen gjer eg hovdingane i Juda lik eit fyrfat i ein vedhaug og lik ein brennande fakkel mellom kornband. Dei skal øyda, til høgre og til venstre, alle folka omkring. Men folket i Jerusalem skal framleis få bu i Jerusalem.
7 Herren vil først berga telta til Juda, så ikkje Davids hus og dei som bur i Jerusalem, får større heider enn Juda.
8 Den dagen skal Herren vera skjold for dei som bur i Jerusalem. Den som snublar den dagen, skal vera som David, og Davids hus som ein gud, som Herrens engel framfor dei.
9 Den dagen aktar eg å utrydda alle dei folkeslag som kjem mot Jerusalem.
10 Men over Davids hus og dei som bur i Jerusalem, auser eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge. Dei skal klaga over han liksom ein klagar over einaste sonen, og sørgja sårt over han liksom ein sørgjer over den førstefødde.