1 Den dagen skal det vera ei open kjelde for Davids hus og for dei som bur i Jerusalem, til å reinsa bort synd og ureinskap.
2 Den dagen, seier Herren over hærskarane, slettar eg ut namna på avgudane frå landet, så dei aldri skal minnast meir. Jamvel profetane og den ureine ånda vil eg få bort frå landet.
3 Om nokon framleis talar profetisk, skal far og mor hans, som sette han til verda, seia til han: «Du får ikkje leva, for du har tala løgn i Herrens namn.» Og far og mor hans, som sette han til verda, skal stikka han ned fordi han har tala profetisk.
4 Den dagen skal kvar profet skjemmast over syna sine når han profeterer, og han skal ikkje kle seg i lòden kappe for å lyga.
5 Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, frå ungdomen av har eg dyrka jorda.»
6 Spør nokon han: «Kva er det for sår du har på kroppen?» kjem han til å svara: «Eg vart skadd i huset til venene mine.»