4 Den dagen skal kvar profet skjemmast over syna sine når han profeterer, og han skal ikkje kle seg i lòden kappe for å lyga.
5 Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, frå ungdomen av har eg dyrka jorda.»
6 Spør nokon han: «Kva er det for sår du har på kroppen?» kjem han til å svara: «Eg vart skadd i huset til venene mine.»
7 Sverd, vakna mot gjetaren min,mot mannen som står meg nær,seier Herren over hærskarane.Slå gjetaren så sauene spreiest!Eg lyfter handa mot dei minste.
8 Det skal skje i heile landet, seier Herren,at to tredjedelar skal ryddast ut og døy,men ein tredjedel skal bli att.
9 Den tredjedelen fører eg gjennom eld,eg reinsar han som ein reinsar sølv,eg prøver han som ein prøver gull.Dei skal kalla på mitt namn,og eg skal svara dei.Eg skal seia: «Dei er mitt folk»,og dei skal svara: «Herren er vår Gud.»