10 Heile landet skal bli som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamin-porten til den staden der Gamleporten var, til Hjørneporten, frå Hananel-tårnet til kongens vinpresser.
11 Der skal det bu folk. Byen skal ikkje vera bannlyst meir. Jerusalem skal liggja trygt.
12 Dette er den plaga Herren lèt råka alle dei folka om dei går til krig mot Jerusalem:Han skal la kjøtet rotna på deimedan dei enno står på føtene.Auga skal rotna i hòlene sineog tunga rotna i munnen på dei.
13 Den dagen kjem det ei stor Herrens forvirring over dei, så dei grip fatt i kvarandre og slåst mann mot mann.
14 Også Juda skal strida mot Jerusalem. – Rikdomen frå alle folkeslaga omkring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. –
15 Den same plaga skal råka hesten, muldyret, kamelen, eselet og alle andre dyr som er i leirane.
16 Då skal dei som blir att av alle folkeslaga som kom mot Jerusalem, år etter år fara opp for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, og feira lauvhyttefesten.