5 Då skal de rømma gjennom fjelldalen min, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. De skal rømma slik de rømde for jordskjelvet i dei dagane då Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma, og alle dei heilage med han.
6 Den dagen skal det ikkje vera lys, berre kulde og frost.
7 Det skal vera éin lang dag – Herren kjenner han – ikkje dag og natt, ved kveldstid skal det vera lyst.
8 Den dagen skal det renna levande vatn ut frå Jerusalem, halvparten til havet i aust, halvparten til havet i vest. Slik skal det vera både sommar og vinter.
9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans eitt.
10 Heile landet skal bli som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamin-porten til den staden der Gamleporten var, til Hjørneporten, frå Hananel-tårnet til kongens vinpresser.
11 Der skal det bu folk. Byen skal ikkje vera bannlyst meir. Jerusalem skal liggja trygt.