7 Det skal vera éin lang dag – Herren kjenner han – ikkje dag og natt, ved kveldstid skal det vera lyst.
8 Den dagen skal det renna levande vatn ut frå Jerusalem, halvparten til havet i aust, halvparten til havet i vest. Slik skal det vera både sommar og vinter.
9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans eitt.
10 Heile landet skal bli som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamin-porten til den staden der Gamleporten var, til Hjørneporten, frå Hananel-tårnet til kongens vinpresser.
11 Der skal det bu folk. Byen skal ikkje vera bannlyst meir. Jerusalem skal liggja trygt.
12 Dette er den plaga Herren lèt råka alle dei folka om dei går til krig mot Jerusalem:Han skal la kjøtet rotna på deimedan dei enno står på føtene.Auga skal rotna i hòlene sineog tunga rotna i munnen på dei.
13 Den dagen kjem det ei stor Herrens forvirring over dei, så dei grip fatt i kvarandre og slåst mann mot mann.