1 Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – fire horn.
2 Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva er dette?» Han svara: «Dette er dei horna som har spreidd Juda, Israel og Jerusalem.»
3 Så viste Herren meg fire smedar.
4 Då spurde eg: «Kva er det dei kjem for å gjera?» Han svara: «Dette er horna som spreidde Juda så ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne for å setja skrekk i dei; dei skal slå til jorda horna på dei folkeslaga som lyfte horn mot Juda og spreidde det.»
5 Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein mann med målesnor i handa.