5 Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein mann med målesnor i handa.
6 Eg sa: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal måla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»
7 Og sjå, engelen som tala med meg, gjekk fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han
8 og sa: Spring bort og sei til den unge mannen der:Jerusalem skal liggja utan murar,så mykje folk og buskap skal det vera i byen.
9 Eg skal sjølv vera ein eldmur kring byen,seier Herren,eg skal visa min herlegdom der inne.
10 Ve, ve! Røm frå landet i nord!seier Herren.Eg har spreidd dykk for himmelens fire vindar,seier Herren.
11 Ve deg, Sion,berg deg, du som bur hos dotter Babel!