8 og sa: Spring bort og sei til den unge mannen der:Jerusalem skal liggja utan murar,så mykje folk og buskap skal det vera i byen.
9 Eg skal sjølv vera ein eldmur kring byen,seier Herren,eg skal visa min herlegdom der inne.
10 Ve, ve! Røm frå landet i nord!seier Herren.Eg har spreidd dykk for himmelens fire vindar,seier Herren.
11 Ve deg, Sion,berg deg, du som bur hos dotter Babel!
12 For så seier Herren over hærskarane,den herlege, etter at han sende megtil folkeslaga som plyndra dykk:Den som rører dykk,rører ved min augnestein.
13 For sjå, eg lyfter handa mot dei,og dei blir til byttefor slavane sine.Då skal de kjennaat Herren over hærskarane har sendt meg.
14 Fryd deg, ver glad, dotter Sion!For sjå, eg kjem og tek bustad hos deg,seier Herren.