3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre og eitt til venstre for skåla.»
4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva er dette, herre?»
5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette er?» Eg sa: «Nei, herre.»
6 Då svara han:Dette er Herrens ord til Serubabel:Ikkje med makt og ikkje med kraft,men med min Ande,seier Herren over hærskarane.
7 Kven er vel du, store fjell?Framfor Serubabel skal du bli til ei slette.Han skal føra fram sluttsteinen under jubelrop:«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg:
9 Serubabels hender har tufta dette huset,og hendene hans skal fullføra det.Då skal du kjennaat Herren over hærskarane har sendt meg til dykk.