8 Herrens ord kom til meg:
9 Serubabels hender har tufta dette huset,og hendene hans skal fullføra det.Då skal du kjennaat Herren over hærskarane har sendt meg til dykk.
10 For dei som viste foraktden dagen det tok til i det små,skal gleda seg når dei får sjåblysteinen i Serubabels hand.– Dei sju, det er Herrens augesom fer over heile jorda.
11 Då tok eg til ords og spurde han: «Kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for lysestaken?»
12 Eg tok til ords for andre gong og spurde: «Kva tyder dei to olivenkvistene attmed dei to gullrøyra som leier den gylne oljen ned frå dei?»
13 Han sa: «Veit du ikkje kva dette er?» «Nei, herre», svara eg.
14 Då sa han: «Dette er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over heile jorda.»