1 Eg lyfte atter auga. Eg såg, og sjå! – ein flygande bokrull.
2 Engelen spurde: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein flygande bokrull, tjue alner lang og ti alner brei.»
3 Han sa: «Dette er forbanninga som går ut over heile landet. Enno har ikkje dei som stel, fått straff etter forbanninga, og heller ikkje dei som sver.
4 No sender eg henne ut,seier Herren over hærskarane.Ho skal koma inn i huset til den som stel,og inn i huset til densom sver falskt ved mitt namn.Ho skal slå seg til i husetog øydeleggja det, både treverk og stein.»