4 Då tok eg til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva er dette, herre?»
5 Engelen svara: «Dette er dei fire himmelvindane, som fer ut etter at dei har stige fram for han som er herre over heile jorda.
6 Vogna med dei svarte hestane fer mot landet i nord, og dei kvite fer etter. Dei flekkete fer mot landet i sør.»
7 Då fór dei sterke hestane ut, ivrige etter å fara omkring på jorda. Då sa han: «Av stad! Far omkring på jorda!» Så fór dei omkring på jorda.
8 Han ropa til meg og sa: «Sjå, dei som fer mot landet i nord, lèt min ande slå seg ned der nord.»
9 Herrens ord kom til meg:
10 Ta imot gåver frå dei som er i eksil, frå Heldai, Tobia og Jedaja. Den dagen skal du gå inn i huset til Josjia, son til Sefanja, til dei som er komne frå Babel.