6 Vogna med dei svarte hestane fer mot landet i nord, og dei kvite fer etter. Dei flekkete fer mot landet i sør.»
7 Då fór dei sterke hestane ut, ivrige etter å fara omkring på jorda. Då sa han: «Av stad! Far omkring på jorda!» Så fór dei omkring på jorda.
8 Han ropa til meg og sa: «Sjå, dei som fer mot landet i nord, lèt min ande slå seg ned der nord.»
9 Herrens ord kom til meg:
10 Ta imot gåver frå dei som er i eksil, frå Heldai, Tobia og Jedaja. Den dagen skal du gå inn i huset til Josjia, son til Sefanja, til dei som er komne frå Babel.
11 Du skal ta imot sølv og gull, laga ei krone og setja henne på hovudet til øvstepresten Josva, son til Jehosadak.
12 Du skal seia til han:Så seier Herren over hærskarane:Sjå, ein mann,Spire er namnet hans.Under han skal det spira.Han skal byggja Herrens tempel,