1 Det var i det fjerde styringsåret til kong Dareios. Herrens ord kom til Sakarja på den fjerde dagen i den niande månaden, i kislev.
2 Betel hadde sendt Sareser og Regem-Melek og mennene hans for å be om velvilje for Herrens andlet.
3 Dei skulle spørja prestane i huset til Herren over hærskarane og profetane: «Skal eg gråta og leva fråhaldande i den femte månaden, som eg har gjort i så mange år?»
4 Då kom ordet frå Herren over hærskarane til meg: