11 Men dei nekta å lytta, snudde ryggen til i trass og gjorde øyra døve.
12 Dei gjorde hjartet hardt som flint og ville ikkje høyra på lova og orda som Herren over hærskarane hadde sendt ved sin Ande gjennom dei tidlegare profetane. Då vart Herren over hærskarane mektig harm.
13 Når han ropa, ville dei ikkje høyra. «Så, når dei ropar, vil heller ikkje eg høyra», sa Herren over hærskarane.
14 «Eg vil blåsa dei bort mellom alle folkeslaga som dei ikkje kjenner. Landet skal liggja audt etter dei, ingen skal koma og gå. Slik gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.»