3 Dei skulle spørja prestane i huset til Herren over hærskarane og profetane: «Skal eg gråta og leva fråhaldande i den femte månaden, som eg har gjort i så mange år?»
4 Då kom ordet frå Herren over hærskarane til meg:
5 Sei til heile folket i landet og til prestane: «De har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i sytti år, men var det meg de fasta for då?
6 De et og drikk, men er det ikkje for dykkar eigen del de et og drikk?»
7 Var det ikkje desse orda Herren ropa ut gjennom dei tidlegare profetane, den gongen folk budde trygt i Jerusalem og i byane rundt omkring henne, då det budde folk i Negev og låglandet?
8 Herrens ord kom til Sakarja:
9 Så seier Herren over hærskarane:Døm sant og rett,vis kjærleik og miskunn mot kvarandre!