5 Sei til heile folket i landet og til prestane: «De har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i sytti år, men var det meg de fasta for då?
6 De et og drikk, men er det ikkje for dykkar eigen del de et og drikk?»
7 Var det ikkje desse orda Herren ropa ut gjennom dei tidlegare profetane, den gongen folk budde trygt i Jerusalem og i byane rundt omkring henne, då det budde folk i Negev og låglandet?
8 Herrens ord kom til Sakarja:
9 Så seier Herren over hærskarane:Døm sant og rett,vis kjærleik og miskunn mot kvarandre!
10 De skal ikkje undertrykkja enkjer og farlause,innflyttarar og fattige!De skal ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjartet.
11 Men dei nekta å lytta, snudde ryggen til i trass og gjorde øyra døve.