2 Så seier Herren over hærskarane:Eg brenn for Sion med stor lidenskap,med stor harme brenn eg for henne.
3 Så seier Herren:Eg vender tilbake til Sion,eg vil bu i Jerusalem.Jerusalem skal kallast Den trufaste byen,og fjellet til Herren over hærskaraneskal kallast Det heilage fjellet.
4 Så seier Herren over hærskarane:Atter skal gamle menn og kvinnersitja på torga i Jerusalem,alle med stav i handfordi dei er så gamle.
5 Torga i byen skal fyllastav gutar og jenter som leikar.
6 Så seier Herren over hærskarane:Om dette ser umogleg utfor dei som er att av folket på den tida,skulle det vera umogleg for meg?seier Herren over hærskarane.
7 Så seier Herren over hærskarane:Sjå, eg frelser folket mittfrå landet der sol går opp, og frå landet der sol går ned.
8 Eg fører dei inn,dei skal bu i Jerusalem,dei skal vera mitt folk,og eg skal vera deira Gudi truskap og rettferd.