4 Sjå, Herren vil ta byenog slå styrkane hennar på sjøen.Byen skal øydast i eld.
5 Asjkalon skal sjå det og reddast,Gaza skal vri seg i smerte,Ekron òg, for hennar von blir til skamme.Gaza skal mista sin konge,i Asjkalon skal ingen bu.
6 Det skal bu blandingsfolk i Asjdod.Eg gjer ende på det filistrane er stolte av.
7 Eg skal fjerna blodet dei har i munnen,og det motbydelege dei tygg på.Men dei som blir att,skal høyra vår Gud tilog vera som ei slekt i Juda,med Ekron skal det gå som med jebusittane.
8 Eg skal slå leir omkring huset mitttil vern mot dei som rykkjer fram og tilbake.Aldri meir skal nokon undertrykkjarrykkja fram mot dei.For no har eg sett det med eigne auge.
9 Bryt ut i jubel, dotter Sion!Rop av glede, dotter Jerusalem!Sjå, kongen din kjem til deg,rettferdig og rik på siger,fattig er han og rid på eit esel,på ein eselfole.
10 Eg vil rydda ut vognene i Efraimog hestane i Jerusalem,stridsbogen skal brytast sund.Han skal tala fred for folkeslaga,hans velde skal nå frå hav til hav,frå Storelva til endane av jorda.