2. Johannes 1 N11NN

Helsing

1 Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg i sanning elskar, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna.

2 Henne elskar vi fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid.

3 Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og frå Jesus Kristus, hans Son, vere med oss – i sanning og kjærleik.

Sanning og kjærleik

4 Eg vart inderleg glad då eg møtte nokre av borna dine og såg at dei går fram i sanninga, slik vår Far har gjeve oss påbod om.

5 Og no legg eg deg på hjartet, frue, ikkje eit nytt bod som eg skriv til deg, men eitt vi har hatt frå første stund: at vi skal elska kvarandre.

6 Og dette er kjærleiken: at vi går fram etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå første stund, og etter det skal de gå fram.

Falske lærarar

7 For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Dette er forføraren, Antikrist!

8 Vakta dykk, så de ikkje mistar det de har arbeidd for, men får den fulle løna.

9 Den som ikkje blir verande i Kristi lære, men går ut over den, er òg utan Gud. Den som blir verande i læra, har fellesskap både med Sonen og med Faderen.

10 Kjem det nokon til dykk og ikkje har denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje ønskja han velkomen!

11 For den som ønskjer han velkomen, blir medskuldig i alt det vonde han gjer.

Sluttord

12 Eg har enno mykje meir eg kunne skriva til dykk, men eg vil ikkje seia det med papir og blekk. For eg håpar å få koma til dykk og tala med dykk, andlet til andlet, så gleda vår kan vera fullkomen.

13 Borna til syster di, ho som er utvald, helsar deg.

Kapitler

1