1 Paulus, Silvanus og Timoteus helsar forsamlinga i Tessalonika, i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.
2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
3 Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, som rett er. For trua dykkar veks seg stadig rikare, og kjærleiken de har til kvarandre, blir større hos kvar og ein av dykk.
4 Når vi fortel om dykk i Guds forsamlingar, kan vi difor vera stolte over det tolmod og den tru de viser i alle dei forfølgingar og trengsler de må tola.
5 Dette er eit varsel om Guds rettferdige dom, då de skal finnast verdige til Guds rike, som de no lid for.