2. Tessalonikar 2 N11NN

Den lovlause

1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome, og det at vi skal samlast hos han, bed vi dykk, sysken:

2 Lat dykk ikkje så lett driva ut i forvirring, og lat dykk ikkje skremma, verken av åndsbodskapar, av påstandar eller av brev som dei seier er frå oss, om at Herrens dag er komen.

3 Lat ingen føra dykk vill på nokon måte! For først må fråfallet koma og den lovlause syna seg, han som er fortapingssonen.

4 Det er motstandaren, han som opphøgjer seg over alt det som gud og heilagdom heiter, så han til og med set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.

5 Hugsar de ikkje at eg sa dette då eg var hos dykk?

6 Og de veit kva som no held han att, så han først openberrar seg når hans tid kjem.

7 Lovløysa er alt verksam med si kraft, men i løyndom, for han som enno held att, må først ryddast av vegen.

8 Då skal den lovlause syna seg, han som Herren Jesus skal drepa med pusten frå sin munn og gjera til inkjes den dagen han kjem i herlegdom.

9 Når den lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.

10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje ville elska sanninga så dei kunne bli frelste.

11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur løgna.

12 Og slik får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Hald fast på det de har lært

13 Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, de som er elska av Herren. For som førstegrøde valde Gud dykk ut til å bli frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga.

14 Dette kalla han dykk til ved det evangeliet vi forkynner, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.

15 Stå då støtt, sysken, og hald fast på dei overleveringane de har vorte underviste i av oss, anten munnleg eller i brev.

16 Vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud, vår Far, som har elska oss og i sin nåde gjeve oss ei evig trøyst og eit rikt håp,

17 måtte han gje dykkar hjarte mot og styrkje dykk til alt godt, i ord og gjerning!

Kapitler

1 2 3