3 Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, som rett er. For trua dykkar veks seg stadig rikare, og kjærleiken de har til kvarandre, blir større hos kvar og ein av dykk.
4 Når vi fortel om dykk i Guds forsamlingar, kan vi difor vera stolte over det tolmod og den tru de viser i alle dei forfølgingar og trengsler de må tola.
5 Dette er eit varsel om Guds rettferdige dom, då de skal finnast verdige til Guds rike, som de no lid for.
6 For det er rettferdig i Guds auge at dei som fører trengsler over dykk, skal han gje trengsler att;
7 og dykk som lid trengsler, skal han gje lindring saman med oss når Herren Jesus openberrar seg frå himmelen. Han kjem med sine mektige englar
8 i logande eld og straffar dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje er lydige mot vår Herre Jesu evangelium.
9 Straffa dei skal lida, blir ei evig fortaping borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom og makt,