14 Dette kalla han dykk til ved det evangeliet vi forkynner, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.
15 Stå då støtt, sysken, og hald fast på dei overleveringane de har vorte underviste i av oss, anten munnleg eller i brev.
16 Vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud, vår Far, som har elska oss og i sin nåde gjeve oss ei evig trøyst og eit rikt håp,
17 måtte han gje dykkar hjarte mot og styrkje dykk til alt godt, i ord og gjerning!