10 For då vi var hos dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta.
11 Men no høyrer vi at somme av dykk ikkje held orden på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, dei berre går og driv.
12 Slike folk byd og formanar vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i det stille og eta sitt eige brød.
13 Men de, sysken, bli ikkje trøytte av å gjera det som rett og godt er!
14 Og er det nokon som ikkje vil retta seg etter det vi har sagt i dette brevet, skal de merka dykk kven det er. Ha ikkje noko med han å gjera, så han ser si skam.
15 Men hald han ikkje for ein fiende; tal han til rette som ein bror.
16 Må fredens Herre sjølv gje dykk fred, alltid og på alle måtar. Herren vere med dykk alle!