3 Men Herren er trufast, han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.
4 Og i Herren har vi den tillit til dykk at de gjer og kjem til å gjera det vi byd dykk.
5 Gjev Herren må leia hjartet dykkar fram til Guds kjærleik og Kristi tolmod!
6 Vi byd dykk, sysken, i Herren Jesu Kristi namn, at de held dykk unna alle sysken som ikkje held orden på livet sitt og ikkje retter seg etter den overleveringa de fekk av oss.
7 De veit sjølve korleis de må leva om de vil likna oss. For vi levde ikkje eit latmannsliv hos dykk,
8 og vi åt ikkje vårt brød hos nokon utan å betala. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.
9 Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme så de kunne etterlikna oss.