5 For aldri har Gud sagt til nokon engel: Du er Son min, eg har fødd deg i dag.Eller, som det òg står: Eg vil vera far for han, og han skal vera son for meg.
6 Og når han på nytt fører den førstefødde inn i verda, seier han: Alle Guds englar skal tilbe han.
7 Og om englane seier han: Han gjer englane sine til vindar, tenarane sine til logande eld.
8 Men om Sonen: Din kongsstol, Gud, står til evig tid, din herskarstav er rettferds stav.
9 Du har elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud, salva deg og ikkje dine vener med gledes olje.
10 Og vidare: Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender.
11 Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede.