Hebrearane 11 N11NN

Vitnemål om tru

1 Trua er eit pant på det vi vonar, eit prov på det vi ikkje ser.

2 For trua si fekk dei gamle godt vitnemål.

3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

4 I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Fordi han trudde, fekk han vitnemål om at han var rettferdig, for Gud vitna om offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, sjølv om han er død.

5 I tru vart Henok bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han vitnemål om at han var til glede for Gud.

6 Utan tru er det umogleg å vera til glede for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

7 I tru fekk Noah varsel om det han endå ikkje såg. I gudsfrykt bygde han ei ark og berga huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferda som trua gjev.

8 I tru var Abraham lydig då han vart kalla, og drog ut til eit land som han skulle få i arv. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han kom.

9 I tru levde han som framand i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden.

10 For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.

11 I tru fekk òg Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, endå ho var ufruktbar og for gammal til å få barn. For ho stola på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast.

12 Frå éin mann, som var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.

13 I denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på jorda.

14 Dei som talar slik, viser at dei lengtar etter eit fedreland.

15 Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å venda attende.

16 Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud av dei, men vil kallast deira Gud, for han har gjort i stand ein by til dei.

17 I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Sin einaste son var han villig til å ofra, endå han hadde fått lovnadene

18 og dette hadde vorte sagt til han: «Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.»

19 Han rekna med at Gud hadde makt også til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att – i dette ligg det eit førebilete.

20 I tru var det Isak velsigna Jakob og Esau med tanke på det som skulle koma.

21 I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Og bøygd over toppen på staven sin lovprisa han og tilbad.

22 I tru tala Josef då han låg på det siste, om Israelsfolket og deira utgang frå Egypt, og han gav påbod om kva dei skulle gjera med knoklane hans.

23 I tru gøymde foreldra til Moses den nyfødde guten i tre månader. For dei såg at det var eit vakkert barn, og lét seg ikkje skremma av kongens bod.

24 I tru nekta Moses, då han vart stor, å kallast dotterson til farao.

25 Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn å nyta synda ei kort tid.

26 Å lida vanære for Kristi skuld heldt han for ein større rikdom enn skattane i Egypt, for han såg fram til løna.

27 I tru drog han bort frå Egypt utan å ottast kongens vreide. Han heldt ut, for det var som om han såg den usynlege.

28 I tru heldt han påske og strauk blodet på dørkarmane, så øydeleggjaren ikkje skulle røra dei førstefødde hos israelittane.

29 I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over tørt land, men då egyptarane freista det same, drukna dei.

30 Ved tru fall Jerikos murar då folket hadde gått rundt dei i sju dagar.

31 I tru vart Rahab, ho som var prostituert, berga så ho ikkje mista livet saman med dei ulydige, for med fred hadde ho teke imot dei som kom for å speida ut landet.

32 Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane.

33 Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, lukka gapet på løver,

34 sløkte veldig eld, slapp unna bitande sverd, gjekk frå vanmakt til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt.

35 Kvinner fekk tilbake sine døde; dei hadde stått opp. Nokre vart torturerte og sa nei til å bli kjøpte fri, for dei ville heller nå fram til ei betre oppstode.

36 Andre laut tola spott og piskeslag, ja, til og med lenkjer og fengsel.

37 Nokre vart steina, saga i to eller drepne med sverd. Andre måtte gå omkring i saueskinn og geiteskinn, i naud, forfølgde og mishandla.

38 Verda var dei ikkje verdig, og dei måtte flakka omkring i øydemarker og fjell og halda til i grotter og hòler.

39 Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova.

40 Gud såg føre seg noko som er betre for oss: at dei ikkje skulle nå fram til fullendinga utan oss.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13