13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast ned som skammel for føtene hans.
14 For med ei einaste offergåve har han for alltid gjort dei som blir helga, fullkomne.
15 Den heilage ande vitnar òg for oss om dette. For først seier han:
16 Dette er pakta eg vil gjera med dei i dagar som kjem, seier Herren: Eg vil leggja mine bod i hjartet deira og skriva dei i sinnet deira.
17 Og så: Eg vil ikkje lenger hugsa syndene deira og all uretten deira.
18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.
19 Så har vi då, sysken, frimod ved Jesu blod til å gå inn i heilagdomen,