18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.
19 Så har vi då, sysken, frimod ved Jesu blod til å gå inn i heilagdomen,
20 dit han har innvigd ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, som er kroppen hans.
21 Og sidan vi har ein så stor prest over Guds hus,
22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarte og full visse i trua, med hjartet reinsa for vondt samvit og kroppen bada i reint vatn.
23 Lat oss halda urokkeleg fast på vedkjenninga av vona, for han som gav lovnaden, er trufast.
24 Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.