2 Elles hadde dei vel halde opp med å ofra? For hadde dei som er med i gudstenesta, vorte reinsa éin gong for alle, hadde dei ikkje lenger vore medvitne om synd.
3 Men offera er kvart år ei påminning om synd.
4 For blod frå oksar og bukkar kan umogleg ta bort synder.
5 Difor seier Kristus når han stig inn i verda: Slaktoffer og offergåve ville du ikkje ha, men ein kropp laga du til meg;
6 brennoffer og syndoffer hadde du inga glede i.
7 Då sa eg: Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje, Gud. I bokrullen er det skrive om meg.
8 Først seier han: Slaktoffer og offergåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje glede i, endå det er slike offer som blir borne fram etter lova.