25 Lat oss ikkje halda oss borte når forsamlinga vår kjem saman, som nokre har for vane, men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg.
26 Held vi fram med å synda med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder.
27 Frykteleg er det vi då har i vente: Dommen og Guds brennande iver skal fortæra dei som står han imot.
28 Den som vrakar Moselova, får ikkje miskunn, men må døy etter to eller tre manns vitnemål.
29 Kor mykje strengare straff synest de ikkje den fortener som har trødd Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande?
30 For vi kjenner han som har sagt: «Straffa høyrer meg til, eg skal gjengjelda.» Og vidare: «Herren skal dømma folket sitt.»
31 Det er frykteleg å falla i hendene på den levande Gud!